Uansett vær, hos oss finner du varme og god atmosfære

NYHET

Regionmeister – igjen!

13. januar gjekk årets regionmeisterskap barista av stabelen i Kristiansund. Muzi var klar for å kjempe og forsvare meistertittelen frå i fjor. Sjølv om konkurransen i år var hard med blant anna ein tidlegare noregsmeister blant meddeltakarane, sto han løpet ut og drog sigeren i havn!

Deltakarane må i konkurransen presentere og servere ein espresso, ein cappuccino og ein eigenkomponert signaturkaffi til kvar av dommarane og vert bedømt ut ifrå teknikk, utførelse, smak, kunnskap, forståelse, presentasjon og service. Dette inneber altså produksjon og servering av seks koppar kaffi av høgste kvalitet presentert med opphav og bakgrunnsinfo i løpet av 10 minutt. Muzi kunne by på ein klassisk espresso laga på Bob-O-Link frå vår leverandør og samarbeidspartnar Jacu kaffebrenneri i Ålesund. Same kaffien vart brukt til cappuccinoen, perfekt balansert med skumma melk. Også i signaturkaffien, Basomm-Z, var det Bob-O-Link espresso som var hovudingrediensen, saman med sjokolade, honning og granateple.

Med siger i regionmeisterskapen sikra han også kvalifisering til Noregsmeisterskap. I tillegg til deltakelse i Classic Barista, vil han også konkurrere i greinene Latte Art og Coffee in Good Spirits.

Noregsmeisterskapen går føre seg i Lillestrøm 3.-6. mars.

Blant Norges beste barista fra Khaya bar barista i Valldal, vinner av regionmesterskap
Vinnarmenyen

Få Nyhetsbrev

Få Nyhetsbrev om hva som skjer på Khaya