Uansett vær, hos oss finner du varme og god atmosfære

NYHET

Culinarium utsatt

Sjølv om utviklinga i smittetala her i Fjord ser lovande ut, er ikkje situasjonen heilt avklart enno, og vi har difor beslutta å utsetje Valldal Culinarium-kveldane som var planlagt komande helg.

For å sleppe å risikere å måtte utsetje arrangementet fleire gonger, og også gjere det meir forutsigbart for deltakarane, flyttar vi det eit stykke fram i tid. Vi ser for oss rundt første halvdel av juni, og vil oppdatere dykk så fort vi har fått spikra ny dato.

Alle som har meldt seg på, beheld altså plassane sine, så gi beskjed om dykk vil avmelde dykk. Om nokon av dykk som har betalt på førehand, ikkje ynskjer å behalde plassane til ny dato, ta kontakt, så refunderer vi beløpet.

Dette var beklageleg, men naudsynt.

Og hugs; den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves!

Culinarium

Få Nyhetsbrev

Få Nyhetsbrev om hva som skjer på Khaya