Uansett vær, hos oss finner du varme og god atmosfære

EVENT

Khaya Barista bar i Valldal 5 år!

17.

juni

17 juni feirer vi 5 års drift av Khaya Barista Bar!

Mykje har skjedd sidan 2018, både kosmetisk og innhaldsmessig, og vi er stolte over den utviklinga som har vore! Vårt fokus har vore, og er framleis, å kunne by våre gjestar på god kvalitet som tar utgangspunkt i lokale råvarer ispedd Zulu matkultur.

Åra har også romma oppstarten av Valldal Culinarium, eit matkurskonsept som har hatt stor suksess og fått flotte omtalar i media.

Vi har husa mange grupper; både utdrinkningslag, bryllaup, filmcrew, møter.. Kort sagt – alle slags formelle og uformelle samankomstar, gode musikkopplevingar og bryggedans.

Noko av dette ønsker vi å tilby i 5 årsfeiringa av Khaya Barista Bar;

Valldal Culinarium med fem-retters meny og sommelier vinutvalg, med påfølgande konsert og dans med bandet BlueBeat som har stor geografisk spredning på sine medlemmar, med røtter frå Canada, Alta, Stranda og Sykkylven. Blue Beat er et særegent band som byr på nye og ærbødige tolkingar av 70-talets store artistar – i moderne musikalsk drakt.

Dei riggar seg til på åpen utescene – vakrare bakteppe for ein magisk kveld finst ikkje! Garantert god stemning, dette vil du ikkje gå glipp av.

For å gjere kvelden komplett, kjem Siena Pizza på besøk frå Stranda og sel skikkelig digg kebab til nattmat!

Book deg innpå Culinarium for 1250,- (inkl musikk) frå kl 18, eller kun musikk for 200,- frå kl 22

Mennesker koser seg utenfor Khaya Barista bar i Valldal med fjord og fjell i bakgrunn
Mennesker koser seg utenfor Khaya Barista bar i Valldal med fjord og fjell i bakgrunn

Få Nyhetsbrev

Få Nyhetsbrev om hva som skjer på Khaya