I helga opnar vi så smått, om alt går etter planen, velkommen laurdag og søndag 12-18!
Vekene har gått sidan vi måtte stenge, og vi lev framleis i uvissa om korleis situasjonen utviklar seg framover. Det som er sikkert, er at når vi no gradvis får til å opne dørene att, vert det ikkje heilt på samme måte som før. Med stengte dører har vi imidlertid fått tid til å leggje nokre planar for kva tiltak vi kan gjere for å begrense smittefare og halde drifta trygg for oss og for dykk, samtidig som vi kan by på lunsj, kaker, den deilige koppen med kaffi eller ei iskald øl etter fjellturen med verdas finaste utsikt.
Dei tiltaka vi ser for oss i første omgang er følgjande:
- Handdesinfeksjon vil vere tilgjengelig ved inngangsdøra, og vi ber alle benytte seg av denne på veg inn i og ut av lokalet
- Fjerne all sjølvbetjening, så for eksempel vaflar og cookies vert servert til bordet som den andre maten, og bestikk og kaffisukker vil ikkje vere tilgjengeleg på disken
- Alt av bestikk vert pakka i serviett og levert ut saman med bestillinga
- For å unngå opphoping framfor disken, ynskjer vi at èin person frå gruppa kjem inn og tek bestillinga for alle
- Vi oppfordrar til bruk av kort og vipps, unngå bruk av kontantar
- I første omgang er det uteservering og take-away som er alternativa
- På uteserveringa vil vi ha større avstand mellom borda. Forhåpentlegvis får vi utvida uteserveringa, slik at vi kan auke avstanden, utan å måtte redusere antal plassar
- Vi vil begrense alkoholserveringa ved å stenge denne kl 00:00 når det er kveldsope, og oppfordrar alle til å heller kome tidlegare utan å ha vorsa så mykje først, og drikke med måte. Vi vil også ha lavare terskel for å sende deg heim om du byrjar å slurve med avstandsgrenser, for di og andre si sikkerheit 😊
Velkomne attende!!